http://www.bt.no/bergenpuls/musikk/article337595.ece
http://www.bt.no/bergenpuls/musikk/article337258.ece
Phptos from Icefestival-Geilo:
http://www.geilonaturfoto.com/ICE%20festival2.htm
Det var ei imponert prinsesse Märtha Louise som fredag kom til Kikut for å vere utøvar på årets isfestival.Laurdag kveld skal ho opptre i igloen på Kikuttoppen. Der skal prinsessa fortelje eventyr frå HC Andersen si verd, medan Terje Isungset skal akkompagnere på 750 år gammal is frå Jostedalsbreen. – Veldig spennande og flott, sa Märtha Louise om isfestivalen då Hallingdølen trefte henne fredag ettermiddag. Då hadde Märtha og Terje øvd saman for fyrste gong, og dei såg absolutt ut til å ha funne tonen. Märtha Louise skal lese Snedronningen av HC Andersen – i ein iglo – noko ho karakteriserer som "svært stemningsfullt".– Det er fint å kunne vere med og gi ei annleis oppleving for barn og vaksne, seier prinsessa.